Forureining
Oppdatert 05.01.2024
Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.
Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova:
- behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
- behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
- behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
- behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
- føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
- følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
- rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.