Kommunestruktur
Oppdatert 08.04.2025
Noreg har 357 kommunar. Fastsetting og endring av kommunegrenser blir regulert av inndelingslova.
Statsforvaltaren skal rettleie kommunar, folkevalde og private i spørsmål om inndelingslova og prosessane ved grenseendring og grensefastsetting.
Ved behov kan vi også hjelpe kommunar med å forhandle fram ein avtale om økonomisk oppgjer ved grensejustering eller deling.
Vi kan også gjere lovlegkontroll med budsjettvedtak etter at utgreiing om samanslåing eller deling er sett i gang.