Bustadsosialt arbeid

Oppdatert 05.07.2024

Hausten 2021 vart kommuneretta oppgåver frå to regionkontor hos Husbanken overført til statsforvaltarane i Nordland, Vestland og Rogaland, som eit treårig forsøk. Målet var å skape eit sterkt fagmiljø der bustad vert sett i samanheng med fagområde som helse, sosial, rus, barnevern og arbeidsliv. Frå 1. september 2024 blir oppgåvene flytta tilbake til Husbanken.

Statsforvaltaren har gjennom forsøket rettleia kommunar i Nordland, Vestland og Rogaland i tema som høyrer inn under det bustadsosiale arbeidet. Døme er heilskapleg bustadplanlegging i kommunen, bustader for eldre, nullvisjon for bustadløyse og tiltak for at barnefamiliar, unge uføre og andre utsette grupper kan få eige sin eigen bustad.

Det er mange som må spele på lag for at vi skal lukkast med den sosiale bustadpolitikken. Kommunane har ulik storleik, organisering og ulike utfordringar. Strategien «Alle trenger et trygt hjem» (2020-2024), peikar på seks suksessfaktorar som grunnleggjande for å nå måla i det bustadsosiale arbeidet:

  • forankring og eigarskap
  • organisering og samordning
  • overordna strategi
  • kompetanse
  • økonomiske ressursar
  • brukarmedverknad

Statsforvalteren og Husbanken ønskjer å vidareutvikle samarbeidet når oppgåvene blir flytta tilbake til Husbanken. Statsforvaltaren er framleis klageinstans for saker som gjeld kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.