Nye fylkesmenn på Vestlandet

To nye fylkesmenn er utnemnde i statsråd i dag. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.06.2017

Lars Sponheim er utnemnd til fylkesmann i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det nye embetet blir ein realitet frå 1. januar 2019. Sponheim er utnemnd for ein periode på seks år. 

Leikanger blir kontorstad for leiinga ved det nye embetet. 

Harald Tom Nesvik er utnemnd til fylkesmann i Møre og Romsdal for ein periode på seks år, med virkning frå det tidspunktet departementet bestemmer. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.