Barn og folkehelse – ein viktig del av samfunnsplanlegginga
Eit godt oppvekstmiljø kan bidra til ein trygg oppvekst, motorisk utvikling og ei god helse. Derfor skal barn og unge få seie si meining og bli høyrde i plansaker der dei bur.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tilrettelegging av gode oppvekst- og nærmiljø, med særleg vekt på interessene til barn og unge, er eit viktig tema i samfunnsplanlegginga, både nasjonalt, regionalt og lokalt. Omsynet til barn og unge og deira oppvekstmiljø, er også løfta fram i føremålsparagrafen i plan- og bygningslova.
God samfunnsutvikling og bevisst planarbeid er dessutan ein viktig føresetnad for god folkehelse, både for unge og gamle. I barnekonvensjonen til FN heiter det mellom anna at «alle barn har rett til kvile, fritid og leik som høver for alderen til barnet».
Målet med folkehelsearbeid er å gje fleire leveår med god helse for den einskilde, og reduserte sosiale helseskilnader i befolkninga. Folkehelselova sikrar at kommunar, fylkeskommunar og statlege helsestyremakter set i verk tiltak og samordnar folkehelsearbeidet sitt på ein god måte.