Oppsummering av landsomfattande tilsyn
Det første landsomfattande tilsynet med folkehelsearbeid i kommunane vart gjennomført hausten 2014. Fylkesmennene gjennomførte tilsynet i 50 kommunar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Folkehelsearbeidet i kommunen må byggje på oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan påverke helsetilstanden. Oversikta skal vere med i grunnlaget for planar og tiltak i kommunen og slik bidra til å gjere folkehelsearbeidet meir kunnskapsbasert og treffsikkert.
Målet med tilsynet var å sjå til at kommunar som ikkje hadde sett i gang eit løpande oversiktsarbeid, kom i gang med dette, og å bidra til at kommunar som allereie hadde starta opp arbeidet, utvikla det vidare.
Fylkesmannen gjennomførte tilsynet i 50 kommunar og påviste at 35 av kommunane var komne i gang med oversiktsarbeidet. Det var likevel stor variasjon i kor langt dei var komne med sjølve gjennomføringa av arbeidet. Dei andre 15 kommunane hadde ikkje komme i gang med eit løpande oversiktsarbeid. Leiinga i desse kommunane hadde ikkje forankra arbeidet hos seg og ikkje lagt til rette for at arbeidet kunne skje på tvers av tenesteområda. Kommunane hadde heller ikkje teke stilling til kva forhold dei trong følgje med på.