Helsepersonell til innsats mot ebola
Helsepersonell som vil melde seg til innsats mot ebola-epidemien i Vest-Afrika, kan ta kontakt med Helse Bergen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.11.2014
Haukeland universitetssjukehus har fått i oppdrag av Helsedirektoratet å etablere, og sende ut norske helseteam til innsats mot ebola-epidemien i Vest-Afrika.
Helsepersonellet skal inngå i eit britisk regjeringsbeslutta internasjonalt prosjekt i Sierra Leone som har til formål å få kontroll på den pågåande ebola-epidemien i Vest-Afrika. Prosjektet vil inngå i UNMEER-satsinga.
Arbeidet er først og fremst viktig for dei som bur i Vest-Afrika, men også for å hindre smitte til andre land, inkludert vårt eige.
Helsedirektoratet har meir informasjon om arbeidet mot ebola-epidemien.