Nasjonal utdanningskonferanse i Stavanger
Utdanningskonferansen 2014, som går av stabelen 15.-16. oktober, har fått tittelen Framtidas skole – vil vi fostre borgarar eller brukarar?
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 30.09.2014
Det er Fylkesmannen i Rogaland og KS som arrangerer konferansen. Målgruppe for konferansen er skoleeigarar, skoleleiarar, politikarar, lærarar, studentar og andre interesserte.
Statssekretær Birgitte Jordahl og Agenda-leiar Marte Gerhardsen held opningsføredrag. Elles vil representant frå UNESCO, forskarar, skolefolk og elevar snakke om korleis ny teknologi påverkar samfunnet og skolen, og kva vi treng å lære i skolen i framtida.
Les meir og meld deg på konferansen hos Fylkesmannen i Rogaland.