Fleire ber om fritak frå teieplikta

I fjor behandla fylkesmennene 281 saker om fritak frå teieplikt. Sakene må ofte behandlast svært raskt, mellom anna fordi søkjarane ikkje er merksame på at dei må søkje om fritak frå teieplikta, eller fordi det er gløymt å søkje fritak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.03.2014

Om du er tilsett i skule, barnehage, barnevernet eller sosialetaten, må du søkje om fritak frå teieplikta dersom du skal vitne i ei rettssak eller gi forklaring i politiavhøyr om eit konkret straffbart forhold. Det er Fylkesmannen som gir fritak frå teieplikta.

Markant auke

I 2013 behandla fylkesmennene 281 slike saker, året før var talet 195 saker og i 2011 hadde fylkesmennene 112 slike saker. Det er altså snakk om ein markant auke, og det er ikkje uvanleg at søknaden om fritak kjem til Fylkesmannen same dag eller dagen før vitnet skal møte i retten.

Det er ikkje nødvendig med fritak frå Fylkesmannen dersom den personen som har krav på teieplikta, godkjenner at opplysningane blir frigitt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.