Barn har ikkje plikt til å forsørgje foreldra

Fylkesmannen i Hordaland har i ei sosialklagesak gitt klagar medhald fordi Nav-kontoret hadde rekna med at noko av inntekta til eit av barna skulle forsørgje andre familiemedlemmar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.02.2014

Nav-kontora skal i utgangspunktet vurdere ein barnefamilie som ei samla økonomisk eining, der foreldra etter barnelova har plikt til å forsørgje sine barn. Dette betyr at Nav må ta med barna sine behov når familien treng sosialhjelp. I arbeids- og sosialdepartementet sine rettleiande sosialhjelpssatsar er det rekna med eigne satsar for barnetillegg.

Sosialstønad til barnefamiliar

Nav må berekne sosialhjelp til å dekkje barn sine behov, men berre så langt barnet ikkje har eigne pengar; til dømes arv, formue eller inntekt. Barn si inntekt må vere av eit visst omfang for at det skal vere nok til å forsørgje seg sjølv. Inntekter frå kvelds- og laurdagsjobb ved sida av skulen vil normalt gi barnet ekstra lommepengar, og skal ikkje føre til at foreldra mister sosialstønad for barnet. Likeleis kan ikkje Nav rekne med at barn skal dekkje eigne livsopphaldsutgifter av pengegåver som dei får til gebursdag, konfirmasjon og liknande.

Dersom foreldra sin økonomi gir rom for det, har dei også plikt til å forsørgje barn over 18 år som følgjer ordinær skulegang. Slik forsørging er som regel ikkje aktuelt i familiar der foreldre får sosialstønad.

Når barnet har inntekt

Barn har ikkje plikt til å forsørgje sine foreldre eller søsken. Dette gjeld uavhengig av om barnet er under eller over 18 år.

Det er ikkje noko i vegen for at Nav-kontoret kan ta barns inntekt med i reknestykket når dei bereknar barnetillegget i sosialhjelpa til foreldra. Nav-kontoret kan derimot ikkje ta inntekta til barn med på ein slik måte at barnet forsørgjer andre enn seg sjølv.

Når barn har eiga inntekt kan det føre til at barnetillegg vert redusert eller fell bort i foreldra sin sosialstønad, menberre for det barnet som har slik inntekt. Nav-kontoret kan ikkje redusere foreldre eller søsken sin del av sosialstønaden. Barnet som har inntekt skal altså behalde heile inntekta si.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.