Rettleiande satsar for økonomisk sosialhjelp
Den som ikkje greier å forsørgje seg sjølv, kan søkje om sosialhjelp. Hjelpa kan ytast som bidrag, lån eller garanti for lån. Kvart år blir det laga rettleiande satsar for kor mykje stønad kvar enkelt skal få.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dei statlege rettleiande satsane for økonomisk stønad til livsopphald i 2014 er klare. Dei rettleiande satsane er meint å dekkje utgifter til heilt grunnleggjande behov, som mat, kle, kommunikasjon, hushaldsartiklar og hygiene, og skal også kunne ta omsyn til andre sider av kvardagen, som fritid og sosiale behov. Utgifter til andre nødvendige ting, som bustad, straum, oppvarming, bustad- og innbuforsikring og innbu og utstyr inngår i livsopphaldet, men er ikkje inkludert når Arbeids- og sosialdepartementet har fastsett retningslinene. Årsaka er at dette er utgifter som varierer mykje.
Rettleiinga til Nav-kontora har desse månadlege satsane for 2014: einslege kr 5 600, ektepar/sambuarar kr 9 300, person i bufellesskap kr 4 650. Satsane til born er fastsette ut frå kor gamle dei er.
Dersom du søkjer om sosialhjelp, må du først ha utnytta moglegheitene dine til å sørgje for deg sjølv, eller du må ha utnytta dei økonomiske rettane dine, for eksempel trygderettane. Nav brukar retningslinjene for kor mykje stønad kvar enkelt kan få tildelt, men har rett og plikt til å bruke skjønn og vurdere kvar sak for seg.
Les meir om retningslinjene for økonomisk stønad.