Hjelper skular med mykje mobbing

Fylkesmannen hjelper skular med høge mobbetal. Vi skal bidra til at kommunane gjennomfører tiltak mot mobbing.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.01.2014

Det var i fjor Udanningsdirektoratet i samarbeid med fylkesmennene valde ut kommunar og skular som hadde behov for hjelp på grunn av vedvarande høge mobbetal.

Skulane vart valde ut etter ei vurdering av det psykososiale miljøet til elevane, tilsyn i kommunane, klagesaker, data frå elevundersøkinga og elles anna kontakt mellom skuleigarar og Fylkesmannen. Vidaregåande skular og private skular var ikkje med i vurderinga.

Statleg rettleiargruppe

Det vart etablert ei statleg rettleiargruppe i kvar region, som rettleia utvalde skuleeigarar. Dei utvalde skuleeigarane fekk hjelp til å setje i gang tiltak mot mobbing. Også i år skal det veljast ut kommunar som skal få hjelp frå den statlege rettleiargruppa.

Andre kommunar har sjølv komme i gong med tiltak for å betre læringsmiljøet på skular med mykje mobbing. Fylkesmannen følgjer opp også utviklinga ved desse skulane. Arbeidet vart starta opp våren 2013, og held fram også i 2014 ved alle fylkesmannsembeta i landet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.