Nytt verktøy for betre kjemikaliekunnskap
Miljødirektoratet har lansert eit nytt verktøy som skal gjere det lettare å finne fram i kva regelverk som gjeld for bruk og handtering av ulike kjemiske stoff.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Bruk av kjemikaliar i Noreg er strengt regulert av ulike lovverk og forskrifter. Kjemiske stoff kan vera forbodne å bruke, det kan gjelde reglar for bruken, dei kan vere omfatta av ei informasjonsplikt til kundar og styresmakter, eller det kan vere krav til at stoffet skal godkjennast før bruk.
Miljødirektoratet har ansvar for dei ulike kjemikalielistene og regelverka. Nokre er særnorske, men dei fleste er felles med EU eller er internasjonale. No gjer Miljødirektoratet det enklare for verksemder og andre å få oversikt over kva plikter og reglar som gjeld for kjemikaliar, slik at vi alle kan vere betre verna mot farlege kjemiske stoff.
Fylkesmannen har fått delegert myndigheit frå Miljødirektoratet, til å føre tilsyn med verksemder og deira kjennskap til kjemikalieregelverket og handtering av kjemikaliar.