Nye fylkesmenn

Sigbjørn Johnsen er tilbake som fylkesmann i Hedmark. I Rogaland har Magnhild Meltveit Kleppa teke over etter Tora Aasland, medan Helen Bjørnøy er på plass som fylkesmann i Buskerud.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.11.2013

Sigbjørn Johnsen (fødd 1950) vart fylkesmann i Hedmark i 1997, men hadde permisjon frå fylkesmannsembetet for å vere finansminister i Jens Stoltenbergs andre regjering (2009–2013). Johnsen har hatt ei rekkje politiske og offentlige verv sidan han vart vald inn som vararepresentant til Stortinget i 1973.

Magnhild Meltveit Kleppa (fødd 1948) vart utnemnd til fylkesmann i Rogaland hausten 2012, men tok til først 1. november 2013 etter at den siste stortingsperioden hennar var avslutta. Ho vart stortingsrepresentant i 1993, og har vore statsråd for ulike departement under fleire regjeringar. Meltveit Kleppa er utdanna lærar.

Helen Bjørnøy (fødd 1954) vart fylkesmann i Buskerud 1. oktober 2013. Bjørnøy har dei siste fem åra vore generalsekretær i Plan Norge. Ho har tidligare vore miljøvernminister (2005–2007og generalsekretær i Kirkens Bymisjon. Bjørnøy er utdanna teolog.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.