Tek sjumilssteg for barn og unge

Barnehagar, skular og ulike hjelpeinstansar i Troms får ikkje lenger jobbe med kvar si nisje av eit problem. I staden må kommunane samordne tenester for å hjelpe barn med spesielle behov – og samarbeide om å skape betre oppvekstmiljø for alle barna.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2013

Når eit barn eller ein heil familie får problem, er problemet sjeldan tilpassa tenestene som skal hjelpe. Møtet med hjelpeapparatet blir derfor ofte ein serie møte med ei oppsplitta teneste som brukar eigne særlover og jobbar med kvar sin del av problemet.

Men FNs barnekonvensjon – eller barnas grunnlov – er like forpliktande som alle særlovene. Derfor tok Fylkesmannen i Troms utgangspunkt i barnekonvensjonen då dei i 2009 bad kommunane kartleggje tenestene sine til barn og unge. Arbeidet vart kalla sjumilssteget fordi kartlegginga og forbetringsarbeidet tok utgangspunkt i sju av artiklane i barnekonvensjonen.

Positiv utvikling
Fire år seinare er det gjort endå ei kartlegging, og kartlegginga frå 2012 syner ei positiv utvikling.
– Det har skjedd mykje bra, men arbeidet til barnas beste blir vi aldri ferdige med, det må skje i eit evigheitsperspektiv, seier Eivind Pedersen, som er ansvarleg for arbeidet med nasjonal spreiing av sjumilsstegarbeidet.

Han vedgår at også hjå Fylkesmannen er det utfordringar.
–  Fylkesmannen har svært dyktige fagfolk på mange fagområde. Vi er flinke på kvar våre område, og har lett for å jobbe einfagleg og ikkje tverrfagleg. – Eitt av måla er at når vi får inn ei klagesak, skal vi sjå barnet eller heile familien, og ikkje dele klagen opp i tre fag, seier Pedersen.

Fleire tek i bruk same metodikk
Arbeidet med å ta sjumilssteg for barn har vorte lagt merke til langt utanfor Troms, og fleire andre fylkesmannsembete har teke i bruk FNs barnekonvensjon på same måte som Troms. Buskerud, Nordland og Sogn og Fjordane er alt i gang , og fleire andre kjem etter.

–  Det viktigaste med sjumilsstegmodellen er førebyggande arbeid. Med utgangspunkt i barnekonvensjonen kan vi planleggje og kvalitetssikre tenestene til barn og unge. Sjumilssteget gjer det lettare å gripe tak i små undringar før dei blir til store problem, seier Eivind Pedersen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Lenkjer