Strengare krav for å kunne jobbe i barnehage

Politiattestar for tilsette i barnehage syner no fleire straffbare forhold enn det som har vore kravet tidlegare.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.10.2013

Med dei nye reglane viser politiattesten om personen er sikta, tiltala eller dømt for seksuelle overgrep av mindreårige, og i tillegg viser attesten andre straffbare forhold som seksuallovbrot, vald, ran og narkotikalovbrot. Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikkje arbeide i barnehagar. Når politiattesten fortel om andre straffbare forhold, er det opp til barnehageeigaren å vurdere om søkjaren er eigna til å jobbe i barnehage.

Den nye regelen om politiattest kom med ei endring i barnehagelova. Endringa hadde verknad frå 1. august 2013, og gjeld ikkje personar som er tilsette i barnehagar før denne datoen. Tidlegare skulle politiattesten berre vise om personen var sikta, tiltala eller dømt for seksuelle overgrep mot barn.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Aktuelt