Landsomfattande kontroll av mottaksanlegg
Anlegg som tek i mot farleg avfall, blir i desse dagar kontrollerte av Fylkesmannen og Miljødirektoratet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.09.2013
Tidlegare kontrollar har avdekt mange brot på miljøregelverket, og aksjonen skal undersøkje om private og kommunale mottaksanlegg har skjerpa seg. Anlegga som blir besøkte, får ikkje varsel om det på førehand.
Den førre aksjonen, som var i 2010, avdekte brot på regelverket i kring halvparten av dei kontrollerte anlegga.