Hundre år sidan kvinner fekk stemmerett
Tysdag 11. juni er det hundre år sidan norske kvinner fekk full stemmerett på lik linje med menn. Dagen blir feira med arrangement over heile landet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Noregs grunnlov av 1814 var svært demokratisk i si tid, men berre seks-sju prosent av folket hadde røysterett. Røysteretten på den tida kvar knytt til eigedomsrett, kjønn og alder. Det var menn over 25 år som hadde røysterett, og desse var anten sjølveigande bønder, embetsmenn, handelsborgarar eller eigarar av gard eller grunn til ein verdi av minst 600 kroner. Grunnlova gav dermed røysterett til om lag 40 prosent av alle menn over 25 år.
Kampen for kvinners røysterett kom i gang parallelt med at røysteretten for menn vart utvida på slutten av 1800-talet. På same måte som for menn vart røysteretten utvida stegvis, og stemmerettskampen prega Stortinget i meir enn tjue år.
– Bli med å feire stemmerettens bursdag. Fordi det er viktig å bruke stemmeretten også i dag, håpar eg det blir ei rekkje små og store arrangement rundt omkring i hele landet, seier Kirsti Kolle Grøndahl, Fylkesmann i Buskerud og leiar for stemmerettskomiteen.
Kjelde for teksten er nettstaden Stemmerettsjubileet.no som også har oversikt over arrangement over heile landet