Seremoniar for nye statsborgarar
I alt 12 095 personar fekk norsk statsborgarskap i 2012. Alle nye norske statsborgarar blir invitert til ein statsborgarseremoni, som markerer overgangen til norsk statsborgarskap.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er Fylkesmannen som inviterer til statsborgarseremoni. Nye norske statsborgarane har teke eit val for framtida, og seremonien gir lokalssamfunnet og storsamfunnet eit høve til å ønskje dei nye statsborgarane velkomne. Det å skifte statsborgarskap er ofte eit stort val, og det tek tid å få norsk statsborgarskap. Det er eit livsval som fortener ei markering.
Målgruppa for seremoniane er personar over 12 år som har fått norsk statsborgarskap. Nye statsborgarar får invitasjon frå Fylkesmannen i det fylket vedkommande er busett i. Det er frivillig å delta i seremonien.
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har ein samla oversikt over årets statsborgarseremoniar.
Utlendingsdirektoratet behandlar søknader om statsborgarskap.
Ein glad fylkesmann, Valgerd Svarstad Haugland, blir fotografert av nye statsborgarar i Oslo rådhus 28. april. Foto: Linda E. Eide, Fylkesmannen i Oslo og Akershus.
Safia Abdi Hasse fra Halden og Sarpsborg kammerkor stod for underholdningen under statsborgerseremonien i Sarpsborg 28. april 2013 Foto: Lars Hovland, Fylkesmannen i Østfold.
Frå statsborgarseremonien i Erkebispegården i Trondheim 4. november 2012. Foto Åge Tørris Ekker.