Turnusordninga for legar er lagt om
Turnustenesta for legar er ikkje lenger basert på loddtrekning. Nyutdanna legar søkjer no på turnusplassane, og turnusordninga er dermed meir lik vanlege tilsetjingar i arbeidslivet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Etter omlegginga er det dessutan slik at legar får autorisasjon straks dei har teke og greidd norsk medisinsk embetseksamen. Dette er i tråd med utviklinga i andre EØS-land, men gjennomført turnus skal framleis vere eit absolutt krav for å arbeide sjølvstendig som fastlege eller i kommunal legevakt. Legar som skal ta ei spesialistutdanning får turnustenesta som sin første obligatoriske del av utdanninga.
Ledige turnusstillingar blir med den nye ordninga lyste ut via ein portal på nettet. For å sikre at alle sjukehusa i landet skal få nok søkjarar til sine stillingar, er det i den nye ordninga lagt opp til to søknadsrundar, der rekrutteringssvake område blir lyste ut først. Første pulje med utlysingar hadde søknadsfrist 18. mars. Andre pulje har søknadsfrist 14. mai 2013.