Regjeringas barnevernsatsing gir nye oppgåver
Regjeringa satsar på barnevern neste år, noko som gir fleire oppgåver til fylkesmennene. Det blir fleire tilsyn med det kommunale barnevernet, fleire fylkesvise samlingar for alle barnevernstilsette og fleire informasjonstiltak.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.12.2012
Det endelege tildelingsbrevet til fylkesmennene er ikkje klart enno, men førebels er det sett av vel 37 millionar kroner til embeta samla til tiltak i barnevernet.
- I framlegget til statsbudsjett føreslår regjeringa å styrkje det kommunale barnevernet. Regjeringa vil løyve 205 millionar kroner til kommunane, noko som mellom anna skal gi om lag 270 nye stillingar, kompetansetiltak og styrkt tilsyn. Framlegget gir fylkesmennene 8 millionar kroner til å administrere ordninga.
- Fylkesmennene får dessutan oppgåva med å arrangere to samlingar i kvart fylke for alle tilsette i barnevernstenestene. Kostnaden er rekna til nesten 11 millionar.
- Regjeringa føreslår også å fordele nær 2,5 millionar kroner til fylkesmennenes arbeid med informasjonstiltak innan barnevernet.
- Framlegget inneber også ei styrking på 16 millionar kroner til tilsyn med det kommunale barnevernet.