Vedtak om løyve etter forureiningslova til utfylling i Strandafjorden i Ål kommune

Statsforvaltaren i Oslo og Viken har ferdigbehandla søknaden frå Ål kommune, og gir løyve etter forureiningslova til utfylling i Strandafjorden (gbnr. 128/10, 125/2, 127/28, 1007/1 og 125/19) i Ål kommune.

Publisert 18.01.2024

Løyve til utfylling av massar i Strandafjorden i Ål kommune gis i samband med etablering av turveg. Det gis løyve til utfylling av inntil 2900 m3 over et areal på 1550 m2.

Statsforvaltaren har satt krav om mildnande tiltak for å ivareta vassmiljø og biologisk mangfald, samt for å avgrense forureining. Det er blant anna satt krav om:

  • Forbud mot utfylling mellom 15. mai – 15. september.
  • Det skal nyttast partikkelsperre (eksempelvis siltgardin) under arbeida.
  • Det gjevast ikkje løyve til å gjennomføre utfylling av massar til vassførekomsten/strandsona dersom turbiditetsmålarane er ute av drift.

For detaljerte rammer og vilkår vises det til tillatelsen i menyen til høyre.

Klagetilgang

Vedtaket kan klagast på av partene eller andre med rettsleg klageinteresse til Miljødirektoratet , jf. forvaltningslova §§ 28 og 29. Klagefristen er satt til 08.02.2024.

Ei eventuell klage skal angi kva det klagast over og den eller dei endringar som ønskast. Klaga bør ha ein grunngjeving, og andre opplysningar av betydning for saka bør nemnast. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren., jf. forvaltningslova § 32. Ei eventuell klage skal gis skriftleg og sendast per e-post til sfovpost@statsforvalteren.no, eventuelt post til postboks 325, 1502 Moss.

Vi ber om at eventuelle klager blir merka med referanse 2023/42122.