Nye personellgrupper i autorisasjonsordninga for helsepersonell
Frå 1.mai 2022 kan paramedisinar, naprapat og osteopat søke Helsedirektoratet om autorisasjon og lisens.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 08.04.2022
Autorisasjonsordninga for helsepersonell blir utvida med tre nye personellgrupper. Dersom du har utdanning innan ein av dei nemnde yrkesgruppene må du søke Helsedirektoratet om offentleg godkjenning for å kunne arbeide innan yrket og nytte tittel.
Stortinget har òg vedtatt autorisasjon for manuellterapeut. Tidspunktet for når dette trer i kraft er førebels ikkje klart. Helsedirektoratet vil gje meir informasjon så snart dette er avklart.
Meir informasjon om søknadsprosessen for dei ulike gruppene vil du finne i rettleiaren til Helsedirektoratet.