Søke opphald og asyl (politiet.no)
Slik søkjer ukrainske borgarar kollektiv beskyttelse i Noreg (politiet.no)
Kven skal hjelpe ein asylsøkjar?
Hovudregelen er at alle offentlege instansar i Noreg har ansvar for å gje tilbod til asylsøkjarar på lik linje med tilbodet som blir gitt til alle innbyggjarar.
- Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvar for behandling av søknader om asyl og utvisningssaker, og for akutt innkvartering og drift av asylmottak.
- Politiets utlendingseining (PU) tek i mot søknader om asyl og gjennomfører asylintervju.
Kommunens ansvar
- Kommunane skal yte primærhelsetenester og barnevernstenester til alle som oppheld seg i kommunen, også for asylsøkjarar som er midlertidig innkvartert.
- Barn som er under 16 år har rett og plikt til grunnskuleopplæring. Dette gjeld også for barn som er asylsøkjarar. Kommunen der barnet bur, har ansvar for å tilby grunnskuleopplæringa. Les meir om korleis skulen skal tilretteleggje undervisninga for minoritetsspråklege elevar og elevar som nett er komne til Noreg (udir.no).
- Ein del asylsøkjarar som er under 18 år, har rett til vidaregåande opplæring etter søknad.
Kommunar som er vertskommune for asylmottak, får eit vertskommunetilskot som skal dekkje kommunens utgifter til dei tenestene som kommunen skal yte.
Enklare byggjesaksprosessar for å ta i bruk bygningar som asylmottak (regjeringa.no)
Statsforvaltarens oppgåver
- Statsforvaltaren utnemner representantar for einslege asylsøkjarar som er under 18 år.
- Vi er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter for å sikre rask kommunikasjon begge vegar.
- Vi har ansvar for behandling av saker som gjeld fri rettshjelp.
- Vi fører tilsyn med omsorgssenter for einslege asylsøkjarar under 15 år.
- Vi er tilsyns- og klageinstans og rettleiar kommunane i saker som gjeld sosiale tenester og introduksjonslova.
- Vi gir kommunane råd og rettleiing på helseområdet.
- Vi gir kommunane råd og rettleiing på barnehage- og skuleområdet.
Einslege mindreårige asylsøkjarar
Einslege asylsøkjarar og flyktningar under 18 år får utnemnt ein representant. Ein representant er ein juridisk erstattar for foreldra. Representanten har ikkje den daglege omsorga, men skal syte for at barnet blir teken vare på av den instansen som er ansvarleg for å tilby omsorg. Vidare skal representanten hjelpe den mindreårige i samband med asylsaka. Asylsøkjarar under 18 år får bu i særskilte asylmottak eller i omsorgssenter.