Felles nasjonalt tilsyn 2024 - internkontroll og skolemiljø - Ål kommune - Nedre Ål skule
Vi har ført tilsyn med Ål kommune. I tilsynet har vi undersøkt om tilpassinga av internkontrollen og tiltaka kommunen har sett i verk, er eigna til å sikre at plikta til å melde frå og å setje inn tiltak i skulemiljøsaker vert oppfylt.
Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus har ført tilsyn med Ål kommune i perioden 25.09.2024 og fram til i dag. Tilsynet er ein del av felles nasjonalt tilsyn 2022-2025. Les meir om felles nasjonalt tilsyn på Udir sine nettsider.
I tilsynet har vi undersøkt om tilpassinga av internkontrollen og tiltaka kommunen har sett i verk, er eigna til å sikre at plikta til å melde frå og å setje inn tiltak i skulemiljøsaker vert oppfylt. Vi har gitt kommunen to pålegg som må rettast.
Ål kommune og Nedre-Ål skule har styringstiltak som skal medverke til at dei tilsette følgjer melde- og tiltaksplikta. I handlingsplanen har skulen laga ei handlingssløyfe som skal brukast når mistanke knytt til elevens psykososiale skulemiljø oppstår. Tett dialog mellom rektor og oppvekstsjefen bidreg til at kommunen deltek i vanskelege eller alvorlege saker.
I tilsynet har vi avdekt at ikkje alle tilsette veit når, kor raskt og til kven dei skal melde frå ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen. Det same gjeld dersom ein tilsett eller nokon i leiinga er involvert. Skulen har ein rutine for dokumentasjon som per i dag ikkje er tilstrekkeleg implementert.
Vi ser at skulen raskt set i verk tiltak i skulemiljøsaker. Skulen har ein bestemt framgangsmåte for å utarbeide tiltak og legg til rette for medverknad frå elevar og føresette i utforminga av tiltaka. At skulen drøftar saka i støtteteam og, om naudsynt, involverer fleire instansar, meiner vi medverkar til at skulen vel fleire eigna tiltak i sakene. Skulen viser òg at den følgjer opp sakene og syner at tiltaka vert evaluerte, justerte og endra ved behov. Skulen dokumenterer i dei fleste elevsakene tiltaka i ein aktivitetsplan, men ikkje alle tiltaka vert dokumenterte i tide. Aktivitetsplanane er i tråd med minstekrava.
På bakgrunn av dette vurderer vi at kommunen ikkje sikrar at plikta til å melde frå og å setje inn tiltak i skulemiljøsaker vert oppfylt.
I tilsynskalenderen på Statsforvalterens nettside finner du: