Fleire klagar på korleis skulane følger opp skulemiljøsaker
Opplæringslova seier at alle som jobbar i skulen må følge med, gripe inn, varsle, undersøke og setje inn tiltak når ein kjenner til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.02.2023
Hausten 2022 vart det meldt inn 854 skulemiljøsaker til statsforvaltaren, viser tal frå Utdanningsdirektoratet. Det er ein auke, samanlikna med tidlegare år. I ni av ti saker som vart behandla fekk elevane medhald i at skulane ikkje har gjort nok.
Les meir på nettsida til regjeringa