Desentralisert ordning for grunnskular og vidaregåande skular

Oppdatert 12.03.2024

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskule og vidaregåande skule skal bidra til at alle skuleeigarar gjennomfører kompetansetiltak i samarbeid med universitet og høgskular. Behova for kompetanseutvikling skal vere basert på lokale analysar og fagleg dialog med universitet eller høgskule. Tiltaka skal bidra til kollektiv kompetanseutvikling som utviklar heile skulen.

Ordninga skal bidra til å gjere arbeidet med kompetanseutvikling meir føreseieleg og langsiktig for skuleeigarar, universitet og høgskular.

Målgruppe for kompetansetiltaka

Målgruppe for tiltaka er alle tilsette i grunnskular og vidaregåande skular som deltek i desentralisert ordning.

Melde kompetansebehov

Det er eigar av offentlege og private grunn-, og vidaregåande skular som analyserer kompetansebehov og melder behov for kompetanseutvikling. Eit nettverk av eigarar kan velje å gå saman om å melde behov for kompetanseutvikling.

Tilskotsordning

Statsforvaltaren behandlar behovsmeldingane, og vi kan gi økonomisk støtte til skuleeigarar og universitet og høgskular som deltek i arbeidet.

Tildelte midlar skal brukast til etterutdanning, kollektiv kompetanseutvikling for tilsette i skulen, og inkludere så mange medarbeidarar som mogleg ved skulen. Midlane kan ikkje brukast til individuelle vidareutdanningar for leiarar eller tilsette ved skulen.

Eigenandel for skuleeigarar

I desentralisert ordning er det eit krav at skuleeigar bidreg med ein eigenandel på 30 prosent av det statlege tilskotet. Eigenandelen kan vere helt eller delvis i form av løn/frikjøp dersom skuleeigar meiner det er mest tenleg for utviklingsarbeidet.

Vis meir