Informasjon til elev og føresette om klage på fastsetting av standpunktkarakter

Nedanfor finn du informasjon om korleis du kan klage på fastsetting av standpunktkarakter.

Publisert 26.03.2025

Kva kan du klage på?

  • Du kan klage på korleis standpunktkarakteren i fag og i orden og oppførsel er fastsett. Klageretten gjeld også dersom du ikkje får talkarakter til standpunkt, altså IV. Merk at du ikkje kan klage på undervegsvurderinga.
  • Vi rådar deg til å ta kontakt med skolen og be om å få ei grunngjeving for karakteren før du bestemmer deg for å klage.

Kven kan klage?

  • Du som er elev, eller føresette til elevar under 18 år, har rett til å klage.
  • Er du under 15 år må føresette vere samd i at du skal klage.

Frist for å klage

  • Klagefristen er 10 dagar frå det tidspunktet du eller dine føresette er gjort kjent med karakteren, eller burde gjort dykk kjent med den.
  • Ein ny frist på 10 dagar gjeld frå det tidspunktet du evt. føresette har kravd og fått ein skriftleg grunngjeving for standpunktkarakteren din.
  • Om hurtigklagefrist

Slik klagar du

  • Skriv kva du meiner er feil i fastsettinga av standpunktkarakteren og kvifor
  • Skriv under på klagen. Er du under 15 år, må også føresette skrive under.
  • Send klagen til rektor ved skolen du går på.

Kva skjer når du klager?

Skolen vurderer først om dei er samd i klagen din. Dersom skolen bestemmer seg for å sette opp karakteren din, eller bestemmer at du skal få talkarakter i staden for IV, får du ei grunngjeving for det. Du får ny klagemoglegheit på den nye karakteren.

Dersom skolen ikkje er samd i klagen din, sender dei saka til Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren kan avvise klagen, stadfeste (oppretthalde) karakteren eller oppheve den. Statsforvaltaren vurderer berre om skolen har følgt reglane for fastsetting av standpunktkarakter.

  • Dersom Statsforvaltaren opphevar karakteren i fag, blir saka sendt tilbake til skolen for ny vurdering. Skolen fastsett endeleg karakter. Karakteren kan bli ståande, bli justert opp eller ned.
  • Dersom Statsforvaltaren opphevar vedtak om IV, skjer det same. Saka blir sendt tilbake til skolen for ny vurdering. Følgande reglar gjeld:
    • Dersom klageinstansen opphevar vedtak om IV, fordi det ikkje er varsla i tråd med regelverket, skal skolen sette karakter.
    • Dersom skolen fastsett ein karakter i den nye behandlinga, utløyser dette fornya klageåtgang. Det same gjeld dersom nytt vedtak om IV fattast på eit anna grunnlag enn det opphavelege vedtaket.
  • Ved klage på karakter i orden og åtferd er det Statsforvaltaren som fastsett endeleg karakter.

Lenker til opplæringsforskrifta og privatskoleforskrifta for meir informasjon

Opplæringsforskrifta:

Privatskoleforskrifta: