Reindrift

Oppdatert 14.02.2024

Reindrift som næring, kultur og livsform er unik i både nasjonal og internasjonal samanheng. Norsk reindrift har sitt opphav hjå den samiske befolkninga, og skjer hovudsakleg i Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal og Innlandet fylke. Reindriftsforvaltninga omfattar ressurs- og arealforvaltning, tilskotsforvaltning og reindriftsbasert næringsutvikling.

Reindrift er ei lita næring i nasjonal målestokk, men i samisk og lokal samanheng er næringa svært viktig for økonomi, sysselsetjing og kultur. Totalt har vi 250 000 tamrein i vårflokk, av desse er meir enn 185 000 i Finnmark. Reindrifta lengre sør har små variasjonar frå år til år, medan reintalet i Finnmark kan variere. Kalvetilgang, tap og slakteuttak er årsaker til variasjonane. Litt over 3000 personar er tilknytt den samiske reindrifta.

Det blir også drive reindrift gjennom fire tamreinlag i Sør-Noreg: Lom, Vågå, Fram og Filefjell reinlag. I tillegg har Rendal Renselskap ei særeiga reindrift, basert på slakt av privateigde dyr i Rendalen, Engerdal og Trysil.

Tradisjonelle driftsgrupper

Arealavhengig næring 

Reindriftsforvaltning hjå Statsforvaltaren

Reindriftsavtalen

Rovvilt

Tradisjonelle driftsgrupper

Det samiske reinbeiteområdet er delt inn i seks regionale beiteområde, som igjen er delt inn i 82 distrikt. Innan kvart distrikt har grupper av reineigarar dyra i ein eller fleire felles flokkar, og samarbeider om den praktiske drifta. Reinen er merkt med eigar. Driftsgruppene blir kalla «siida» og «sijte» på nord- og sørsamisk. Dei siste åra har det vore om lag 100 ulike sommersiidaer og om lag 150 ulike vintersiidaer.

Arealavhengig næring

Lønnsam reindrift krev store areal. Moderne driftsformer inkluderer gode slakte- og samlingsgjerder, god flokkstruktur og moderne slaktemetodar, og dessutan bruk av snøskuter og helikopter. Reindrifta må vere fleksibel og tilpasse seg klimaendringar og rovviltbestanden. Den største utfordringa er likevel å sikre nok reinbeiteareal. Nedbygging og omdisponering av areal, menneskeskapt aktivitet som forstyrrar reinen og konkurranse om utmarka frå andre brukargrupper er med på å presse næringa.

Reindriftsforvaltning hjå Statsforvaltaren

Statsforvaltaren skal bidra til at styresmaktene når dei overordna måla for reindriftspolitikken. Vi skal mellom anna kontrollere etablering og overflytting av siidaandelar, gje råd i gjerdesaker, godkjenne bruksreglar utarbeidde av distriktsstyret, gje dispensasjon frå beitebruksreglane når det er sterke grunnar til det, om nødvendig fastsette beitetider for årstidsbeitene og gje fråsegner og kome med motsegn i saker etter plan- og bygningslova.

Reindriftsforvaltning i Sør-Noreg

Statsforvaltaren i Trøndelag har ansvar for reindriftsforvaltninga i Sør-Noreg. Statsforvaltaren i Trøndelag tek seg av ressurs- og arealforvaltning, tilskotsforvaltning og reindriftsbasert næringsutvikling. Den formelle retten til å komme med motsegn i plansaker ligg hjå statsforvaltarembetet der arealet ligg. Konkrete arealsaker som gjeld tamreindrift, blir derfor behandla som eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Trøndelag og statsforvaltarembetet der arealet ligg. Du finn meir informasjon på nettsida til Statsforvaltaren i Trøndelag

Reindriftsavtalen

Reindriftsavtalen er årlege forhandlingar mellom Norske Reindriftssamers Landsforbund og Landbruks- og matdepartementet om økonomiske verkemiddel for reindriftsnæringa.

Statsforvaltaren har ansvar for tilskotsbehandling regionalt over reindriftsavtalen. Landbruksdirektoratet har ansvar for hovudutbetalingane til siidaandelane.

Rovvilt

Statsforvaltaren har også ansvar for midlar til førebyggande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak og erstatning for rein drepen av freda rovvilt. Les meir om dette under temaet Miljø og klima hjå Statsforvaltaren i ditt fylke.

Vis meir

Reindrift i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal er det samisk tamreindrift i Trollheimen (Trollheimen sitje). Reindrifta her er regulert gjennom eiga særlov kalla Trollheimslova (Lov om reindrift i kommunene Meldal, Midtre Gauldal, Oppdal, Rennebu, Rindal, Sunndal og Surnadal; datert 21.12.1984)

Som følgje av endringar i reindriftslova, er den regionale reindriftsforvaltninga overført til fem Statsforvaltarembete. For Møre og Romsdal er det Statsforvaltaren i Trøndelag som har ansvar for reindriftsforvaltninga. Arbeidsoppgåvene til reindriftsforvaltninga er ressurs- og arealforvaltning, tilskotsforvalting og næringsutvikling.

Vi har inngått avtale med Statsforvaltaren i Trøndelag om bruk av kompetanse innan reindrift i behandling av arealplansaker. Vi har og etablert rutinar for å halde reindriftsfagleg ansvarleg hos Statsforvaltaren i Trøndelag informert om plansaker i Møre og Romsdal, samt om når vi skal ta kontakt med Statsforvaltaren i Trøndelag for reindriftsfagleg bistand. Bakgrunnen for dette er at høve til motsegn i plansaker etter plan- og bygningslova ligg hos det statsforvaltarembetet der arealet ligg.

Konsultasjonsplikt som sikrar samiske interesser

Kommunar og fylkeskommunar har konsultasjonsplikt i saker som gjeld samiske interesser. Målet med konsultasjonar er å sikre at samiske interesser som saka vedkjem, kjem tidleg inn i prosessane og at dei har høve til å påverke avgjerdene. Gode konsultasjonar bidreg til å førebyggje konfliktar, klager og rettsprosessar. Dersom det ikkje blir konsultert i ei sak som har direkte betydning for samiske interesser, kan det føre til at vedtaket er ugyldig. Kommunal- og distriktsdepartementet har laga ein rettleiar som kan vere eit nyttig hjelpemiddel for kommunar og fylkeskommunar.