Vil du hjelpe til med å ta vare på vipa?

Reir med fire egg av vipe med gras rundt
Foto: Jon Ivar Kleveland.

I fjor gjorde 43 bønder i Innlandet avtale med oss om tiltak for å hjelpe fuglar på hekkeplassen. No inviterer vi fleire til å melde inn areal der vipa eller andre sårbare og truga fugleartar kan trivast. Ta kontakt med BirdLife eller oss hos Statsforvaltaren viss dette er aktuelt hos deg.

Publisert 10.04.2025

Framfor alt vart tiltaka i fjor gjort for å betre tilhøva for viper, som no er kritisk truga i Noreg. Andre artar var songlerke, åkerrikse og hortulan, som alle står på raudlista. Dessverre kan det sjå ut til at hortulanen no kan ha forsvunne som hekkefugl i Innlandet og i Noreg (sjå artikkelen «holder naturen på å bli stille?). Dei som gjer avtale med oss og følgjer opp gjennom hekkesesongen, har rett til regionale miljøtilskot til «tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fuglar», som ein søker om innan 15. oktober.

Kva tiltak kan ein gjera?

Eit av tiltaka kan vera å ta omsyn til reir på jordbruksareal under våronna og ta omsyn til vipeungar til dømes under slåtten. I låglandet plasserer vipa helst reir på kornåkrar eller på grasmark eller beite der grasveksten ikkje er for høg og tett. Dersom ein merker av og køyrer rundt reira, toler vipa elles mye trafikk omkring seg. Du kan kontakte oss eller BirdLife (sjå kontaktpersonar i BirdLife under) viss du ser viper som held seg på jordet meir permanent dei næraste vekene og vil verne om reir. Så langt kapasiteten rekk, vil det bli gjort ei synfaring og kan eventuelt bli gitt hjelp til å lokalisere reir. Har du sjølv god oversikt over fuglar og reir, kan det og vera nok til at vi kan gjera ein avtale.

Vi kan og gjera avtale om at det blir sett av areal som ikkje blir drive aktivt eller hausta gjennom heile hekkesesongen. Dette gjeld ofte litt fuktig åkermark og areal omkring dette der vipa kan finne reirplass og leite etter mat. Slike areal bør i hovudsak ha lågvekst eller glissen vegetasjon eller vera naken jord.

Andre tiltak kan vera utsett hausting eller gjødsling av grasmark der det er mogleg/sannsynleg hekking av vipe eller åkerrikse. Det går og an å legge ut små flekkar/ruter på kornåker som ikkje blir sådd til (såkalla «lerkeruter» der songlerka kan legge reir og finne føde).

Innmelding av areal og tiltak

Statsforvaltaren samarbeider med BirdLife (dvs. foreininga for ornitologar) om å vurdere kva jordbruksareal som eigner seg og kva tiltak som bør gjerast. Vi kan gjera avtale om tiltak der vi i samråd med BirdLife vurderer potensialet som godt for hekkande, truga og sårbare fuglar. Vi legg vekt på kva som er registrert av fuglar i hekketida dei siste åra og kva type areal som er meldt inn. Mellom anna er fuktige eller dårleg drenerte jordbruksareal interessante for vipa og fleire andre fuglar. For vipa er det ein fordel om det og er beitemark eller anna lågvekst grasmark i nærområdet, slik at ho kan ta med seg ungane dit for å finne føde.

Dei vi gjer avtale med og som gjennomfører tiltaka som er fastsett i avtalen, har rett til regionalt miljøtilskott (RMP) for tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fuglar. Det regionale miljøtilskottet er på 4000 kr pr. daa  for areal som ein legg brakk og ikkje haustar i hekkesesongen For mindre omfattande tiltak, som å ta omsyn til reir, utsette slåtten eller legga ut lerkeruter, kan ein få 2000 kr pr. daa i tilskott. Storleiken på arealet i avtalen må vurderast i kvart tilfelle, men til dømes vil vern av eitt vipereir som hovudregel bli rekna som 1 dekar som får tilskott. Det blir gitt tilskott for maksimalt 10 daa for kvar av tilskottssatsane.

Avtalar om tiltak

Vi kan inngå avtalar på kort varsel utover våren der det blir oppdaga reir og trengst raske avgjerder før våronn og slått. Dette er mest aktuelt der det blir oppdaga mogleg hekkande åkerrikse eller vipe. For slike «ad hoc-tiltak» kan vi gjera ein rask munnleg avtale som seinare blir stadfesta i brev frå oss.

For meir planlagde og omfattande tiltak, som å sette av areal som blir liggande utan drift og/eller gjeld for fleire år, sett vi opp og sender ein skriftleg avtale som bonden kan stadfeste pr. e-post. Du kan sjå skjemaet og annan informasjon på temasida vår om tilrettelegging av hekke- og beiteområde.

Dersom du trur dette er aktuelt for deg, kan du sende ein e-post til postmottaket vårt eller direkte til stig.horsberg@statsforvalteren.no der du skriv litt om arealet, observasjonar av vipe eller andre aktuelle fuglar i hekketida og gards- og bruksnummer, gjerne med eit kartutsnitt som vedlegg. Du kan og kontakte ein lokal ornitolog for å få ei vurdering og råd.

Kontaktpersonar i BirdLife

Gran: Anne Gri Henriksen 90666516 / anne-gri@dokkadeltaet.no 

Gjøvik, Toten og Land: Arne Sveen 90188246 / arnesveen@hotmail.no

Sør-Gudbrandsdalen: Ulf R. Hansen 90098905 / post.il@isobygg.no 

Hedmarken og Glåmdalen: Per Nøkleby 90599625 / pnoekleb@online.no

Kontaktperson for åkerrikse: Geir Høitomt 99249948 / geir@kistefos-skog.no

(sjå elles heimesidene til BirdLife Oppland eller BirdLife Hedmark).

Kontaktpersoner