Nytt kunnskapsgrunnlag for landbruket i Innlandet er lansert

Ku som strekker seg mot fotografen

Det nye kunnskapsgrunnlaget for landbruket i Innlandet vart presentert på Hamar den 29. oktober. 

Publisert 30.10.2024

Det er ingen tvil om at landbruket betyr mye i Innlandet. Heile 8 % av verdiskapinga i fylket kjem frå landbruket, og 9 % av dei sysselsette i fylket finn vi i landbruket. Dette og mye meir kan ein lese om i Innlandsstatistikk, fordi tala frå det nye Kunnskapsgrunnlaget blir å finne digitalt der.  

Nyttig verktøy

Det nye kunnskapsgrunnlaget er eit nyttig verktøy både for utarbeiding av den nye tiltaksplanen for jordbruket, og for alle som vil bruke statistikken. Det er Østlandsforskning og NIBIO som har utarbeidd kunnskapsgrunnlaget.

I tillegg vart det presentert ei trendanalyse for landbruket i Innlandet 2024 utarbeidd av Ruralis.

Dersom du vil sjå lanseringa, studere tala i Innlandsstatistikk eller lese rapporten frå Ruralis, finn du lenker til høgre på nettsida.

Webinar om kunnskapsgrunnlaget

Fylkeskommunen arrangerer webinar om det nye kunnskapsgrunnlaget den 6. november. Målet med webinaret er å vise korleis ein kan finne fram og bruke tala frå det nye kunnskapsgrunnlaget i Innlandsstatistikk.