Landbruks- og matminister Pollestad såg på flaumskadar i Sør-Fron
Sør-Fron er ein av kommunane som har fått mye skade på jordbruksareal etter uvêret "Hans" og flaum i Lågen. Fredag fekk familien Bay på garden Sygard Forr besøk av landbruks- og matminister Geir Pollestad. Han ville sjå på skadane og høyre om konsekvensar for landbruket i området.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Knut Bay kunne syne fram båten som familien hadde brukt for å ro mellom husa. Han synte fram kveiteåkeren som dei hadde håpa skulle få matkveitekvalitet og som nå framleis stod i vatn, og han synte fram korntørka som hadde stått under vatn og som treng reparasjonar for fleire hundre tusen.
Landbrukssjef Ragnhild Sperstad ved Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor kunne fortelje at flaumen førte til at mellom 7000 og 8000 daa dyrka mark stod under vatn i kommunane Sør-Fron og Ringebu. Mange bønder har fått øydelagt avlingane sine i tillegg til skadar på jord, vegar, hus og maskinar.
Bondelaga og bonde- og småbrukarlaga kunne også fortelje om mange bønder som er fortvilte over situasjonen. Dei har mista store verdiar, mange får for lite grovfôr til vinteren, og dei får store kostnader og mye arbeid med å rydde opp. Dei var blant anna opptatt av rask og smidig saksbehandling for både tilskot til produksjonssvikt og støtte frå naturskadeordninga.
Landbruks- og matminister Geir Pollestad lytta til informasjonen og ønska som kom. Han kunne orientere om at han jobbar for at satsane som vart framforhandla for produksjonssvikt i årets jordbruksoppgjer skal framskundast til å gjelde frå i år. Han avslutta med å oppmode om at vi må ta vare på kvarandre og hjelpe kvarandre i denne vanskelege situasjonen, noko som landbruket har tradisjon for å gjere.
Rundt 40 personar alt i alt møtte fram og deltok. Statsforvaltaren hadde ansvar for møteleiing og for tilrettelegging av besøket.
Kontaktpersonar
-
Øyvind Gotehus
Tlf: 62 55 11 66 / 97 06 67 07