Informasjon om etablering av jordbruksføretak

Nærbilde av hovudet på ei brun kvige som strekker seg over gjerdet mot fotografen
Nysgjerrig kvige på seterbeite Foto: Anne Berit Grasbakken.

Landbrukskontoret i kommunen blir ofte spurt til råds av nye bønder som er i ferd med å etablere seg. Da er det praktisk og greitt å kunne finne informasjon på ein enkel måte.

Publisert 30.07.2024

Landbruksdirektoratet har nå laga ei oversikt over aktuelle oppgåver for nye bønder. Her er det mye nyttig å finne, både for den som er ny bonde og for landbrukskontoret og andre som hjelper den nye bonden med å kome i gang.  

Statsforvaltaren i Innlandet får også spørsmål frå kommunane som gjeld generasjonsskifte og oppstart som ny bonde. Til hausten vil vi difor arrangere eit webinar som omhandlar dette temaet. Målgruppe er landbruksforvaltninga i kommunane. Vi kjem attende med meir info om tidspunkt og program etter sommarferien.