Introduksjonsdag for nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning
- Dato:
- 27. mai 2025 07:30 - 12:30
- Stad:
- Statsforvaltaren i Innlandet, Gudbrandsdalsvegen 186, Lillehammer
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Innlandet
- Målgruppe:
- Nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning siste to år
- Påmeldingsfrist:
- 2. mai 2025 21:59
Vi inviterer til fysisk dagsamling hos Statsforvaltaren på Lillehammer. Å møte kvarandre fysisk og sitte ved same bord er eit godt utgangspunkt for å bli kjende med kvarandre, som nettopp er målet for dagen.
Målgruppe
Målgruppe er nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning i perioden frå juni 2023 og fram til nå, som arbeider med jordbruk, skogbruk, klima/miljø og utmark. Nye leiarar i kommunane som har ansvar for desse fagområda er også velkomne. Det same gjeld dei som er så nyleg tilsette at dei ikkje har fått starta i jobben enda.
Om programmet
I løpet av dagen vil vi ta opp kva som er Statsforvaltaren sine roller og oppgåver, og korleis vi er organisert. Vi vil også ha kortare introduksjonar av ulike tilskotsordningar og lovsaker. I påmeldingsskjemaet spør vi kva slags arbeidsoppgåver den einskilde har, og dette vil vi bruke til å lage eit tilpassa program.
Vi serverer lunsj undervegs. Dagen blir avslutta med ein uformell prat over kaffikoppen i vår sosiale sone.
Det blir ikkje høve til å delta digitalt denne dagen.
Alle påmeldte får tilsendt program etter at påmeldingsfristen er ute.
Påmelding
Vi gler oss til å bli betre kjende med alle nye som har begynt å jobbe med landbruksforvaltning i kommunane i løpet av dei siste to åra!
Påmeldingsfrist er 2. mai. Det er gratis å delta.
Vel møtt!
- Dato:
- 27. mai 2025 07:30 - 12:30
- Stad:
- Statsforvaltaren i Innlandet, Gudbrandsdalsvegen 186, Lillehammer
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Innlandet
- Målgruppe:
- Nye tilsette i kommunal landbruksforvaltning siste to år
- Påmeldingsfrist:
- 2. mai 2025 21:59
Kontaktpersonar
-
Marie Skavnes
Tlf: 61 26 61 60 -
Steinar Lyshaug
Tlf: 61 26 60 22 -
Øyvind Gotehus
Tlf: 62 55 11 66 / 97 06 67 07