Nettseminar: Næringsutvikling i landbruket

Dato:
24. april 2025 07:30 - 09:00
Stad:
Digitalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren, Innovasjon Norge og innlandet fylkeskommune
Målgruppe:
Tilsette i kommunane som jobbar med landbruk
Påmeldingsfrist:
22. april 2025 21:59

Gjennom fire nettseminar i 2025 ønsker vi å skape ein møteplass for fagleg påfyll, inspirasjon og styrking av nettverk. Det andre seminaret kjem 24. april.

Publisert 28.03.2025

Det blir fleire tema på dette andre seminaret. Vi kan nemne skog, IBU-midlar, mat og utdanning. Programmet blir publisert i førsten av april.

Det skjer mye spennande innan næringsutvikling i landbruket. Kommunane i Innlandet er involvert i ulike prosjekt og tiltak, og det same gjeld for fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren. Målet med nettseminara er nettopp at vi møtast for å høyre kva som skjer og deler med kvarandre, slik at vi får påfyll og inspirasjon til å halde fram med å utvikle landbruket vårt. 

Vi sender lenke pr. e-post for å delta på nettseminaret til alle påmeldte seinast dagen i forvegen.

Det er planlagt fire nettseminar i 2025. Første seminar vart gjennomført 20. februar. Seminar nr. 3 kjem 29. august og nr. 4 blir i november. Vi kjem attende til dato. 

Påmelding

Dato:
24. april 2025 07:30 - 09:00
Stad:
Digitalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren, Innovasjon Norge og innlandet fylkeskommune
Målgruppe:
Tilsette i kommunane som jobbar med landbruk
Påmeldingsfrist:
22. april 2025 21:59