Webinar om næringsutvikling i landbruket

Dato:
11. september 2024 09:30 - 11:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren
Målgruppe:
Tilsette i kommunal landbruksforvaltning
Påmeldingsfrist:
9. september 2024 23:59

Dette er det andre av tre webinar i år, og hovudtema denne gongen blir tilskotsordningar med mål om å skape utvikling. Det blir info om ordningane og presentasjon av eit par tiltak som har fått støtte.

Publisert 23.08.2024

Målet med webinaret er å skape ein møteplass der deltakarane får fagleg påfyll, inspirasjon og større nettverk i arbeidet med næringsutvikling.

Programmet har ein programpost der ordet er fritt og kommunane kan dele info om sine satsingar. Vi oppmodar om å nytte sjansen. Kanskje driv nettopp din kommune med noko som er interessant å vite om for oss andre?

Vi sender lenke til webinaret pr. e-post til alle påmeldte den 10. september, altså dagen før webinaret. Ved påmelding etter fristen kan vi ikkje garantere at vi har kapasitet til å sende lenke.

Det tredje og siste webinaret i år kjem 21. november. For info og påmelding følg med i kurskalenderen vår når det nærmar seg.

Dato:
11. september 2024 09:30 - 11:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Fylkeskommunen, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren
Målgruppe:
Tilsette i kommunal landbruksforvaltning
Påmeldingsfrist:
9. september 2024 23:59