Webinar om erfaringar med bruk av elektronisk beitestyring (Nofence)

Dato:
24. mars 2023 09:30 - 11:00
Stad:
Digitalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Innlandet i samarbeid med Innlandet fylkeskommune
Målgruppe:
Tilsette ved landbrukskontora, beitelag og andre interesserte
Påmeldingsfrist:
22. mars 2023 23:59

Det er etter kvart ein del husdyrbrukarar i Innlandet som har tatt i bruk elektronisk beitestyring i form av Nofence, og interessa er aukande. I dette webinaret får vi høyre om erfaringar som er gjort så langt. 

Publisert 15.03.2023

Dei som har brukt Nofence ein beitesesong eller fleire, har gjort seg erfaringar som vi meiner det kan vere interessant å høyre om. Målet med å dele erfaringar er å gjere det enklare for andre som vil kome i gang med bruk av elektronisk beitestyring.

Målgruppe for webinaret er landbrukskontora i kommunane, beitelag og andre interesserte.

PROGRAM

Velkome og kort info v/Jorunn Stubsjøen, Statsforvalteren i Innlandet

Erfaring med bruk av Nofence ved:

  • Øistein Aasen frå Nord-Østerdal
  • Pål Kjorstad frå Midt-Gudbrandsdal

Spørsmål

Oppsummering og vegen vidare v/Erik Lagethon, Innlandet fylkeskommune

 

Dato:
24. mars 2023 09:30 - 11:00
Stad:
Digitalt via Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Innlandet i samarbeid med Innlandet fylkeskommune
Målgruppe:
Tilsette ved landbrukskontora, beitelag og andre interesserte
Påmeldingsfrist:
22. mars 2023 23:59