Svikt i autorisasjonkontroll av helsepersonell

Statsforvaltaren har dei siste åra hatt fleire saker der det er avdekt at arbeidsgjevarar ikkje har hatt gode nok tilsetjingsrutinar. Hos fleire verksemder i helsetenesta er det derfor  naudsynt med betre rutinar for å tilsetja helsepersonell, særleg gjeld det autorisasjonsstatus.

Publisert 24.06.2024

Trass i at det er enkelt å sjekke autorisasjonsstatus, både for helsepersonellet sjølve og deira framtidige arbeidsgjevarar, skjer det at helsepersonell arbeider i fleire år utan at arbeidsgjevar sjekkar autorisasjonen. Alle private helseføretak, kommunar og statelege helseføretak som Statsforvaltaren har hatt sakar i frå, har hatt svikt i sine tilsetjingsrutinar. Helsedirektoratet har tidlegare kome med ein rettleiar om tilsetjing av helsepersonell.  Denne legg vekt på arbeidsgjevar sitt ansvar for å tilsetja kvalifisert personell.

Straff

Statsforvaltaren minner om at det er forbod mot å bruke beskytta tittel utan å ha autorisasjon som helsepersonell, og at det kan medføre straff. Det heiter i helsepersonellova § 74, fyste og fjerde ledd, om bruk av beskytta tittel:

“Bare den som har autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning har rett til å benytte slik yrkesbetegnelse som kjennetegner vedkommende gruppe helsepersonell.

…. Ingen må uriktig benytte titler eller annonsere virksomhet på en slik måte at det kan gis inntrykk av at vedkommende har autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning.”

Fleire tilfelle av forfalsking

Statsforvaltaren har handsama ei rekke tilsynssaker der arbeidsgjevarane ikkje har kontrollert kompetanse og referansar til helsepersonellet ved tiltreding. Dette gjeld både i kommunar og i helseføretak. Det er også avdekka fleire tilfelle der det er forfalska eller brukt urette opplysningar for å få stillingar der det er krav om spesiell kompetanse.

Språkkunnskap

Forskrift om autorisasjon, lisens og spesialistgodkjenning for helsepersonell med yrkeskvalifikasjonar frå andre EØS-land eller frå Sveits er det, i merknadene til § 24 om språkkrav, vist til ansvaret for å sørge for at det enkelte helsepersonell har dei for stillinga naudsynte språkkunnskapar og ferdigheiter.  Ei undersøking frå 1999-2000  viste at berre 3 % av norske kommunar innhenta både referansar og gjennomførte intervju når dei tilsette legar. Tilsvarande tal for sjukehusa var 28 %. Det er ved tilsetjing at ein har moglegheit til å kunne vurdere om helsepersonellet er egna til å tiltre den stillinga vedkommande har søkt på, samt forsikre seg om at helsepersonellet beherskar norsk språk tilfredsstillande.

Rekruttering

Det er naudsynt med storstilt rekruttering av utanlandsk helsepersonell for å sikra gode helse- og omsorgstenester i Innlandet. Det er ekstra viktig at ein sikrar seg kjennskap til norsk autorisasjonsstatus for desse. Ein bør ikkje tilsetje utanlandsk helsepersonell før dei har dokumentert norsk autorisasjon. I tillegg må arbeidsgjevarane kontrollera norskkunnskapen og evne til å kommunisera med dei aktuelle pasientgruppene dei skal yta helsehjelp til. Det er ein pasientrett å få forståeleg informasjon frå helsepersonell, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 3-5.

Pasientsikkerheit

Statsforvaltaren legg til grunn at dette kan være ein fare for pasientsikkerheita. Statsforvaltaren minner derfor om plikta verksemder som yter helsehjelp har til å sjekke at dei som blir tilsett har den naudsynte kompetansen. Manglane ved autorisasjonskontrollen gjeld både for helsepersonell utdanna i Noreg og i utlandet.  

Ta kontakt

Dei som er i tvil om kandidatar til tilsetjing kan, i tillegg til innhenting av referansar, spørje Statsforvaltaren om opplysningar dersom arbeidsgjevarar er i tvil om kompetansen til helsepersonellet, eller om det har vore eller er pågåande tilsynssaker på vedkomande. Namna på helsepersonell det er oppretta tilsynssak mot, er i utgangspunktet ikkje teiepliktig. Kva ein sak handlar om er heller ikkje teiepliktig, med mindre saka inneheld opplysningar om «personlege tilhøve» hos nokon. Dette kan vera sjukdom, personlege problem, rusmisbruk eller anna.