Statsforvaltar Gina Lund oppnemnd som medlem av ekspertutval
Regjeringa har oppnemnt eit ekspertutval som skal vurdere utforminga av tilskuddsordninga for Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn. Statsforvaltar Gina Lund er oppnemnd som medlem av utvalet.
Statsforvaltaren i Agder har ansvar for saker som gjeld trussamfunn for heile landet, med unntak av Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.
– Erfaringane eg har opparbeidd meg gjennom dette arbeidet, vil eg ta med meg inn i utvalet. Eg ser fram til arbeidet og samtalene vi har framfor oss, seier Gina Lund.
I pressemeldinga frå Barne- og familiedepartementet heiter det blant anna at «Regjeringa ønskjer eit livssynsope samfunn. Trus- og livssynssamfunna er viktige både for einskildmenneske og for storsamfunnet. For mange menneskje utgjer samfunna viktige fellesskap, og dei skaper tilhøyrsle og identitet. Både finansiering, oppfølging og innsyn i religiøse samfunn er offentlege oppgåver. Utvalet som i dag er oppnemt, skal kome fram til forslag til alternative finansieringsordningar som er meir berekraftige og føreseielege for Den norske kyrkja, andre trus- og livssynssamfunn og staten, enn det dagens finansieringsordning er».
Utvalet består av sju medlemer og vert leda av professor Eivind Smith. Utvalet skal levere si tilråding innan 20. august 2025.
Les heile pressemeldinga frå departementet her.
Kontaktperson Gina Lund: 99230945