To skogområde i Åmli er verna som naturreservat
![](/siteassets/utgatt/utgatt---blokker-aust-agder/bilder-fmaa/miljo-og-klima/verneomrader/oyvassheia-nr.png)
Variert og gamal edellauvskog og storvokst granskog er nå sikra for framtida.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Med heimel i lov om forvalting av naturens mangfald er Åmtona og Øyvassheia naturreservater vedtatt verna ved kongeleg resolusjon av 14.2.2014.
Åmtona naturreservat gjeld eigedomane: gnr./bnr. 20/7 og 20/25. Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 436 dekar. Føremålet med Åmtona naturreservat er å bevare eit område med rik, variert og gammal edelløvskog med partier med særs gamal eikeskog.
Førekomster av rik, hellande, engprega eik-lindeskog, og særs rik blandingsedellauvskog på skredjord, gir området særskild verdi for biologisk mangfald generelt, og sjeldne og trua artar spesielt. Området representerer ein spesiell utpost-førekomst for gamal eik som sjeldan finnast så høgt i terrenget, opp til 550 m.o.h.
Øyvvassheia naturreservat gjeld eiendomane: gnr./bnr. 20/9 og 20/10. Naturreservatet dekkjer eit totalareal på ca. 6933 dekar. Føremålet med Øyvassheia naturreservat er å bevare ein sjeldan stor og velarrondert førekomst av intakt, gamal, storvokst granskog med rike førekomster av særs grov, gamal osp. Området har særskild verdi for biologisk mangfald i form av å vere ein stor utpostlokalitet for gamal, grov granskog.