Frivillig vern av tre skogområde

Fylkesmannen har starta opp arbeid med frivillig vern av eitt skogområde i Ytre Lauvrak i Froland og to i Åmli.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.02.2013

Fylkesmannen tar sikte på verneform naturreservat. Områda har komme fram gjennom ordninga "frivillig vern", som tyder at områda er tilbode staten for vern av grunneigarar gjennom Agder og Telemark skogeierforening.

Tilboda er utarbeidd som ein del av Norges Skogeierforbund sin avtale med Direktoratet for naturforvaltning.

I Ytre Lauvrak gjorde Bioforsk biologiske registreringar i 2009. På ein verdiskala frå ein (*) til tre (***) er arealet som nå meldast for vern verdsett med tre stjerner (***). Avgrensing av området i Ytre Lauvrak kan du sjå her på kartet.

I Sinevatn og Åmtona gjorde Bioforsk biologiske registreringar i 2008. På ein verdiskala frå ein (*) til tre (***) er arealet som nå meldast for vern verdsett høvesvis med tre stjerner (***) i Åmtona og to (**) stjerner i Sinevatn. Avgrensing av området Sinevatn kan du sjå her, og området Åmtona her på kartet.


Gammel granskog med Sinevatn i bakgrunnen.  Eik-lindeskog i øvre vestre del av Åmtona
Begge fotos: Tor Erik Branderud

Fylkesmannen oppfordrar til å komme med innspel til verneplanarbeidet. Innspel kan sendast skriftleg til: Fylkesmannen i Aust-Agder, miljøvernavdelinga, Postboks 788, Stoa, 4809 Arendal, eller på e-post til: fmaapost@fylkesmannen.no merka GGA innan 15. mars 2013.

Offentleg høyring av verneforslaga med verneforskrift vil bli gjennomført snarast mogleg etter at meldingsperioden er over. Vi tar sikte på at heile verneplanprosessen skal vere sluttført innan utgangen av 2013.

Kontaktpersonar