Tilskot til art eller naturtype i ditt nærmiljø
Fristen for å søkje tilskot er 15. januar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Miljøvernstyresmaktene set årleg i verk ei rad tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar. For å lykkast med miljøvernarbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. For å stimulere til ein slik brei medverknad gir Miljøverndepartementet ymse former for stønad og tilskot til tiltak som blir sette i verk av kommunar, organisasjonar, private verksemder og privatpersonar.
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak som sikrar prioriterte artar eller utvalder naturtypar og til aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som medverkar til å ta vare på eller rette opp økologiske funksjonsområde for prioriterte artar. I tillegg er det lagt inn spesielle midlar til tiltak for å ta vare på hubro knytt til trugslar frå kraftleidningsnettet.
Målgruppe for ordninga er grunneigarar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå. I tillegg kan privatpersonar, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar (t.d. museum, universitet, landbruksforetak, forskingsinstitusjonar) søkje om tilskot.
Dei prioriterte artane som er aktuelle i Aust-Agder er:
- klippeblåvinge,
- elvemusling,
- hubro
- rød skogfrue
Dei utvalde naturtypane som er aktuelle i Aust-Agder er:
- hule eikar,
- kystlynghei,
- slåttemark (inkludert lauveng)
- ålegraseng.
Du kan finne meir informasjon om hule eikar og slåttemark i vårt fylke.
Tiltak som kan få tilskot er skjøtsel (som t.d. rydding, hogst, slått, brenning, trepleie, ringbarking, inkludert utarbeiding av plan for de nevnte tiltaka), biotopforbetrande tiltak, tilpassa driftsform i jord- og skogbruk, tilpassa beiting, restaurering, gjerding, tiltak som fjernar og hindrar spreiing av framande artar, informasjon retta lokalt/regionalt og kartlegging i samband med tiltak.
Ordinær søknadsfrist er 15. januar 2013. Søknader sendes gjennom elektronisk søknadssenter .