Løyve til handsamingsanlegg for slam på Hartevatn
Med heimmel i forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 36-11 kunngjørast det med dette at det er gjeve løyve til Bykle kommune.
Kommunen ynskjer å etablere eit slamhandsamingsanlegg knytt til reinseanlegget på Hartevatn. Omsøkt mengde er 1000 m3 avvatna slam pr. år. Handsamingsmetode skal vere langtidslagring, som vil seie at avvatna slam vert lagt i betongbingar og ein gong per år flytta til ein ny binge. Slamanlegget vil gje lukt til omgjevnadene, men ein antek at utsleppet av lukt i hovudsak vert å rekne i dei periodar slammet flyttast frå ei binge til ei anna. Slamanlegget vil byggjast hausten 2016.
Fylkesmannen stiller krav til luktutsleppet og løyve er gjeve med visse vilkår. Blant anna skal det utarbeidast luktrisikovurdering, drifts- og tiltaksplan for lukt, driftslog og system for klageregistrering.
Fylkesmannens vedtak er fattet med hjemmel i lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) §§ 11 og 16, og kan påklages til Miljødirektoratet av sakens parter eller andre med rettslig klageinteresse innen tre uker.
Eventuelle klager på vedtaket må vere skriftleg og kan sendas til Fylkesmannen i Aust og Vest-Agder på e-post til fmavpost@fylkesmannen.no, eller Postboks 788 Stoa, 4809 Arendal innan 1.08.16.