Mange avvik hos biloppsamlarar
Kontroll av seks verksemder viste til dels alvorlege avvik.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 20.11.2015
Tilsynsaksjonane var landsomfattande i samarbeid med Arbeidstilsynet.
Resultat etter tilsynsaksjonen i Aust-Agder er varierande, og Fylkesmannen har avdekka mange avvik, også alvorlege avvik hos nokre verksemder. Avvika gjeld m.a. mangelfull kontroll av utslepp for vatn frå oljeutskiljar, mangelfulle driftsrutinar for oljeutskiljar, og overskriding av krav i løyvet.
Fylkesmannen planlegg nytt tilsyn for å følgje opp alvorlege avvik.
Her kan du lese meir om resultata frå den landsomfattande aksjonen.