Dreneringsmidlar 2019–2024

Kjelde: Agros, Landbruksdirektoratet. Foto: Statsforvaltaren i Agder.

Fram til 2023 vart ikkje dei statlege dreneringsmidlane brukt opp. I 2024 har det til tider vore knapt med midlar, men avtalepartane har auka ramma.

Sist endra 01.07.2024

I ein del år fekk me overføra midlar til neste år. Årsskiftet 2023/2024 trekte Landbruksdirektoratet udisponerte midlar tilbake til LUF, ca. kr 935 000 kr. 

For 2024 meldte Statsforvaltaren i Agder inn til Landbruksdirektoratet eit behov på 6,5 mill. kr og fekk tildelt 2,5 mill. kr. Seinare auka avtalepartane ramma, og Agder fekk 1,8 mill. kr ekstra. Etter dei ordinære jordbruksforhandlingane fekk Agder 3,5 mill. kr til i auka ramme for 2024.

Oversyn over tildelingar, disponible midlar og tilsegn i Agder 2019–2024 (XLSX)

Avtalepartane dobla satsen frå 1. juli 2023. Me ser at auka sats og fylkeskommunale tilskot (i 2020 og 2023) har hatt stor innverknad på forbruk av midlar.

Det er partane i jordbruksforhandlingane som tek stilling til løyving til drenering, inkludert eventuelle endringar i årets ramme for dreneringstilskot. 

Brev frå Landbruksdirektoratet til Statsforvaltarane 25.03.2024 om auka ramme

Brev frå Landbruksdirektoratet til Statsforvaltarane 28.06.2024 om auka ramme