Infoskriv 23. februar 2023

  • Informasjon til PT-søkjarar
  • Ekstrautbetaling til nye PT-søkjarar – frist 26. februar
  • Tildelingsbrevet
  • Regionalt miljøprogram 2023–2026 på høring
  • ØKS repitisjonskurs 28. februar
  • Kurs i fornybar energi og biogass under planlegging
  • Gårdskart-aktuelt 1/23
  • Problem med e-post

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2023

Informasjon til PT-søkjarar

På Statsforvaltaren sine nettsider finn du ein informasjonsartikkel til PT-søkjarar: 

Bruk gjerne denne om du sender ut e-post no i forkant av søknadsomgangen. Me har sett at nokre vanlege feil går att. Informasjon vil vonaleg gi meir korrekte søknader.

Ekstrautbetaling til nye PT-søkjarar – frist 26. februar

Kommunen må endeleg godkjenna desse utbetalingane innan søndag 26. februar om midlane skal gå ut 3. mars. Godkjennar finn søknadene i eStil PT under søknader -> vedtak – endelig godkjenning -> tilleggsutbetalinger.

Tildelingsbrevet

På sida for kommunal landbruksforvaltning, under dokumenter finn du lenka Tildeling og forvaltning av statlige tilskudd innen landbruk 2023

Statsforvaltaren sendte brevet til kommunane 10. februar. Sjekk gjerne at einingsleiar har mottatt det.

Regionalt miljøprogram 2023–2026 på høring

Høringsfristen er 12. mars. Denne gongen har strategigruppa foreslått omfattande endringar i forhold til forrige programperiode.

Sjå eigen artikkel om høring av programmet

Sjå også artikkel om høring av forskrifta

ØKS – repetisjonskurs 28. februar

Teamsmøte tysdag 28. februar kl. 12.00–14.00. 

  • For veg – frå registrering av søknader til utbetaling.
  • Særskilt for skogkulturordningane.

Kontaktperson: Karl Gjermund Damli.

Kurs i fornybar energi og biogass under planlegging

Eit kurs i fornybar energi på garden (i Hægebostad) og eit kurs i biogass (i Marnardal) er planlagt til slutten av mars. Meir informasjon kjem i Statsforvaltarens kurs- og konferanse-kalender når datoar er endeleg fastsett.

Gårdskart-aktuelt 1/23

  • Nye kartlag i Kilden
  • Beta-Kilden – test ny funksjonalitet!

Gårsdskart-aktuelt – NIBIO

Problem med e-post

E-post frå Statsforvaltaren ser ut til å gå i spamfilteret til Det Digitale Vestre Agder som driftar IKT hjå kommunane Flekkefjord, Farsund, Kvinesdal, Hægebostad, Lindesnes og Åseral.

Sjekk søppelpostmappa, høgreklikk på e-post og gjer statsforvalteren.no til godkjent avsendardomene. Tips kollegaer om å gjera det same.

Problema kan skuldast at me har fått nye primære e-post-adresser, med fornamn.etternamn. E-post til dei gamle adressene vert vidaresendt til ny adresse, så det kommunane sender til Statsforvaltaren kjem fram.