Teamsmøte om restaurering av gamle bygningar

Nyrestaurert naust i Verevågen på Vest-Lista. Foto: Stig Alfred Eikeland / Farsund kommune.

UKL-kommunane i Agder fekk orientering om tilbodet til byggeskikk- og bygningsvernsentera til fylkeskommunen.

Publisert 22.05.2024

Agder fylkeskommune har tre byggeskikk- og bygningsvernsenter i Agder. Dei er lokaliserte i Flekkefjord i vest, Rysstad i Valle i nord og Risør i aust. Sentera driv med rettleiing, kurs og kompetanseutvikling innanfor byggeskikk, bygningsvern og fartøyvern. Kva kan dei bidra med i dei utvalde kulturlandskapa?

Det er mange gamle verneverdige og nokre freda bygningar i UKL-områda i Agder. Til dømes naust, bur, potetkjellarar, gamle løer, utløer, bustadhus/stoger osv. Nokre av desse er sett i stand, men det er også mange viktige verneverdige bygningar som forfell.

UKL-kommunane kontaktar ofte bygningsvernsenterane når dei får inn søknadar om tilskot til å vøle gamle bygningar, for kommunane har ikkje slik fagkompetanse sjølve.

Det var nok difor det kom eit ynskje om å ha eit teamsmøte der ein kunne få eit betre oversyn over kva desse kompetansesentera kan bidra med for søkjarar og for forvaltninga.

Sivilingeniør Eivind Dalseg hjå Setesdal bygningsvernsenter deltok på eit teamsmøte med UKL-kommunane og Statsforvaltaren i Agder i april i år.

I laupet av halvannan time fortalde han om kva bygningsvernsentera i fylket kan hjelpe til med. Han sa at dei driv mykje med rettleiing og kurs og at det ikkje kostar noko å få faglege råd hjå dei. Dalseg poengterte at det er ei målsetjing å ta vare på det gamle ved å bruke bygningane. Han fortalde òg om korleis dei vurderer at ein bygning er verneverdig og litt om prinsippa ein brukar når ein skal setje i stand gamle bygningar. Ein bygning er ofte i mykje betre stand enn ein skulle tru. Dalseg informerte til slutt om andre finansieringskjelder.  

For både privatpersonar og for forvaltninga er det fint å ha slike fagmiljø tilgjengeleg når ein treng rettleiing om korleis ein best kan vøle gamle bygg – om ein høyrer til i eit UKL-område eller ikkje.

Frå presentasjonen til Eivind Dalseg i Teamsmøtet. Foto: Ellen S. Eskeland / Statsforvalteren i Agder.