Kulturlandskapskurs

Dato:
28. september 2022 10:00 - 29. september 2022 14:00
Stad:
Grand Hotell Egersund
Arrangør:
Statsforvaltaren i Agder og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Tilsette i kommunal og statleg landbruks- og miljøforvaltning i Agder og Rogaland

Statsforvaltarane inviterer tilsette i kommunal og statleg landbruks- og miljøforvaltning i Agder og Rogaland til Egersund 28.–29. september.

Publisert 07.06.2022

Programmet er mangfaldig og inneheldt tema som kulturlandskap og folkehelse, istandsetting av gamal kulturmark, effekt av gjødsling, beitetrykk, restaurering av småbygningane i kulturlandskapet, NiN-kartlegging, kulturlandskap og kommunale planar, nydyrking, befaring av kystlynghei og mykje mer. Kurset vert avslutta med eit inspirasjonsføredrag.

Me har vore heldige å få tak i dei beste fagfolka, mellom anna Ellen Svalheim og Oskar Puschmann frå NIBIO. I tillegg kjem statsforvaltarane Bent Høye og Gina Lund.

Lenke til program

Me håpar at alle kommunane i Rogaland og Agder vert representert.

Sjølve kurset er gratis, men reise og opphald betaler deltakararne/kommunane. 

Prisar for opphald:
Full konferansepakke: enkeltrom kr 3285, dobbeltrom kr 2790 per person.
Dagpakke: kr 625 for ein dag, kr 1370 inkl. festmiddag første dagen.
Tillegg for frukost før møtestart første dagen: kr 175.
Tillegg om du kjem 27. september: enkeltrom kr 1290, dobbeltrom kr 795 per person.

Påmelding innan 1. september 2022 i skjemaet nedanfor. (Du får påmeldinga stadfesta straks med ein e-post. Sjekk søppelpostmappa om du ikkje har fått denne.)

Dato:
28. september 2022 10:00 - 29. september 2022 14:00
Stad:
Grand Hotell Egersund
Arrangør:
Statsforvaltaren i Agder og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Tilsette i kommunal og statleg landbruks- og miljøforvaltning i Agder og Rogaland