Tilskot til lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet
Kommunar i Agder, Vestfold og i Telemark kan no søkje om tilskot til å styrke kvaliteten i tilbodet til personar med behov for lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet. Søknadsfrist er 1. mars 2024.
Publisert 07.02.2024
Tilskotet skal bidra til samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar om kompetansehevande tiltak, og bidra til å ta vare på behova til dei pårørande.
Forvaltninga av tilskotet er eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesentrene for lindrande behandling og Statsforvaltaren.
Fullstendig utlysing og søknadsskjema, sjå lenke til Statsforvalteren i Vestfold og Telemark: Tilskot til lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet | Statsforvalteren i Vestfold og Telemark