Landsomfattande tilsyn etter folkehelseloven i 2024

Temaet for tilsynet er: Det langsiktige og systematiske arbeidet i kommunen for å fremja god psykisk helse hos barn og unge.

Publisert 31.01.2024

Tilsynet skal undersøke om kommunen har oversikt over helsetilstanden til barn og unge og faktorar i oppvekst- og levekårsforhold som påverkar den psykiske helsa deira. Vidare skal tilsynet undersøke om kommunen bruker denne kunnskapen i planarbeidet sitt og om dette blir følgt opp med relevante tiltak.

Alle kommunane i landet vil bli bede om å svare på eit spørjeskjema. Statsforvaltaren vil på bakgrunn av dette velje ut nokre kommunar for grundigare intervju. 

Den digitale spørjeundersøkinga skal svarast på av alle kommunane i fylket i perioden 15.02.24 – 08.03.24. I forkant av spørjeundersøkinga, inviterer Statsforvaltaren alle kommunane til eit felles Teamsmøte for å orientera om tilsynet.

Teamsmøtet med alle kommunane i Agder blir arrangert måndag 12.02.24 kl.12.00-13.00.

Statsforvaltaren vil ha ei felles samling for kommunane i fylket hausten 2024. Der vil funna frå undersøkinga og dei grundigare intervjua på fylkesnivå bli presentert, og det blir lagt opp til vidare dialog omkring det viktige arbeidet for oppvekst- og levekåra til barn og unge. Statens helsetilsyn vil i etterkant lage ein oppsummeringsrapport med hovudfunn frå tilsynet på landsbasis.

Statsforvaltaren oppmodar kommunane til å vera tverrfagleg representert på møtet. Det er ønskjeleg at kommunaldirektøren deltek, og dessutan ein med leiaransvar på gjelda fagområde og tilsett med kompetanse innan samfunnsplanlegging.

Bruk vedlagt Teamslenke for å delta i møtet:

 

Microsoft Teams-møte

Bli med fra datamaskinen, mobilappen eller romenheten

Klikk her for å bli med i møtet

Møte-ID: 329 724 025 388
Passord: xDmtAs

Last nedTeams | Join on the web

 

Presentasjon frå informasjonsmøtet vil bli lagt ut på Statsforvaltarens nettside i etterkant av møtet.

Eventuelle spørsmål om tilsynet kan rettast til Synva Nesheim Hasseleid, synva.hasseleid@statsforvalteren.no, telefon +4737017567

Kontaktpersonar